Kvilehytta ligg på Åheim i Vanylven kommune. Åheim er ein tettstad på Nordvestlandet med ca 1000 innbyggarar. Med utgangspunkt her har ein mange muligheiter til å utforske lokalmiljøet og flotte dagsturar til fleire berømte turistattraksjonar, blandt anna Norsk Olivinsenter, Peridottplassen, Valborgsamlinga, St. Jetmund kyrkje, Jetmundsteinen, som er på Åheim. Hjortefarmen på Nave, Hakallegarden på Hakallestranda og Vestkapp som er Norges vestlegaste fjellplatå.
Hyttene ligg i ei hyttegrend like ved Kvilehytta Kafe. Stedet ligger 158 meter over havet og har praktfull utsikt over fjord, fjell og tettstedet Åheim.
Hyttene ligg i naturrike omgjevnader og har muligheiter for bading, fiske, fjellturar, sykkelturar og skiturar.
200 meter fra hyttene ligger det eit fjellvatn med muligheit for badeliv. I dette fjellvatnet er det også gode fiskemuligheiter. Laksefiske i Åheimselva kan også anbefales. Åheimselva er ei veldig god lakseelv.
Om sommaren er det fleire mulige fjellturar rett utanfor hyttedøra og på vinterstid er skiturar ein alternativ aktivitet.
Alpin og turløyper finner ein blandt anna på Nordfjord Skisenter, 40 km fra Kvilehytta.
For sykkelturister er det 2 stk. Nordsjøløyper i nærområde, pluss mange andre turer en kan sykle.
Det ligger også to 9 hulls golfbaner kun 20 minutters kjøretur fra Kvilehytta. Selje Golfpark ligg i Selje kommune, den andre bana ligger på Eidså i Vanylven kommune.